Tur til Gaustatoppen


Bedriftsidrettslaget var på tur til Gaustatoppen laurdag 12 september.


Me var 5 totalt , 4 sjåførar og ein liten gut (komande sjåfør).

Allereie før avreise frå parkeringsplassen møtte me på utfordringar.

Han heilt til høgre på bilete hadde ikkje klede med seg. Heldigvis var det turvante folk med . Ånund bisto med buff, Jan med luve og Lill med vottar og mat.

Avstad traska me i sno, vind, sludd, sol og regn. Alle årstidane møtte me på, men like fullt var alle ved godt humør.

Nokre pauser måtte me ha og litt sjokolade måtte til for store og små.

Pæsande på veg mot toppen var me gode til å motivere kvarandre. Etter 3 timar var me endeleg på toppen.

Då fekk me oss kanelbollar og noko varmt å drikke.

Vidare på vegen heim , fortsatt i godt humør var me på leit etter mat, me stoppa på Rauland og åt god mat og kosa oss!

Me takkar mykje for turen og nye bekjentskap!

[Tilbake]
Levert av Austad | Design: Else Berit Bø | Powered by Makeweb 4.1